STILLINGSUTLYSNING SSB

Har du lyst å arbeide med IKT- og næringsstatistikk?

Arbeidsoppgåver

  • I første omgang planlegge og gjennomføre undersøkingar knytta til IKT-området: bruk av IKT i hushaldningar, næringsliv og offentleg sektor, Internettmålinga
  • Etter kvart vil det kunne bli aktuelt å gå inn på andre statistikkområder i avdelinga
  • Utvikling, drift, kvalitetssikring og dokumentasjon av statistikkar
  • Tolke resultat og gjere enkle og meir avanserte analysar
  • Presentere resultata i artiklar, tabellar og figurar på ssb.no
  • Noko reising og internasjonal representasjon kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå, for eksempel siviløkonom, samfunnsøkonom eller sivilingeniør
  • Ønskeleg med erfaring frå å gjennomføre statistiske undersøkingar (krav for rådgivar)
  • Ønskeleg med gode IT-kunnskapar, for eksempel SAS/SPSS eller tilsvarande
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God i talhandsaming

Utdanningsretning

  • Siviløkonomi
  • Statistikk, ev. IT
  • Samfunnsøkonomi
  • Samfunnsvitskapleg
  • Økonomi
  • Matematikk

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Ryddig og effektiv
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Evne til sjølvstendig arbeidsinnsats
  • Løysingsorientert
  • Strukturert og målretta
  • Fleksibel og endringsvillig

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) kroner 420 000– 517 700 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Kongsvinger/Oslo
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode tilhøve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
  • I SSB ønskjer vi mangfald mellom våre medarbeidarar. For å få til dette, oppmodar vi mellom anna personar med innvandrarbakgrunn til å søke. Som IA-verksemd legg vi tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Lenke til stillingsannonsen:

https://www.webcruiter.no/WcMain/AdvertViewPublic.aspx?oppdragsnr=3557893374&standalone=1&link_source_id=0&hide_back_button=1&culture_id=NB-NO